page view image

Konsert med MORT BENNY

Sleppkonsert med MORT BENNY: Vestlandsk melankoli

Information
event image

Velkommen til haustens fyrste konsert på Fjelly! 


MORT BENNY blei satt saman av sogningen og låtskrivaren Martin S. Haukedal i 2020. Sidan den tida har dei gjort fleire titals jobbar saman og musikken på deira nye album “Vestlandsk melankoli” har blitt til gjennom dette arbeidet. All tida saman har ført til eit sterkt og bevisst samspel, der gruppa beveger seg med mål gjennom det sofistikerte og inderlige låtmaterialet som Martin skriv.  UTDRAG FRÅ PLATA:


“I want it to be easy so people can dig it and still be good”, eit Thelonious Monk-sitat som på mange måtar er mantra for musikken.


"Vestlandsk melankoli" er komme til gjennom ei vestlandsk ramme for følelseslivet, som driv musikken og vilja til den fram. Plata er inspirert av mykje forskjellig musikk men likevel er rammene for det som skrive og følt sterkt knytt til vestlandet. Den er vidare til stor grad inspirert av eldre og nyare jazzmusikk/beatmusikk og pop/rock-låtskriving frå 60-talet og fram.