page view image

Konsert med OPHEIM/APELAND/ØKLAND

Til Fjelly kjem trioen med folkemusikk frå Vestlandet i eigne arrangement, ein del nykomponert musikk frå dei alle tre – og som alltid vil improvisasjonselement ha stor plass i samspelet deira. Musikken blir mellom anna henta frå albuma Glimmar, til duoen Apeland og Økland, og Velsigna er dagen, Opheim og Apeland sitt album.

Informasjon
event image

I over 30 år har desse tre framståande folkemusikarane, Berit Opheim, Sigbjørn Apeland og Nils Økland, spelt saman i ulike musikalske samanhengar. Og like lenge har tradisjonsmusikken vore deira store inspirasjonskjelde og den viktige substansen i den musikalske utforskinga dei har drive, både saman og kvar for seg. Til Fjelly kjem trioen med folkemusikk frå Vestlandet i eigne arrangement, ein del nykomponert musikk frå dei alle tre – og som alltid vil improvisasjonselement ha stor plass i samspelet deira. Musikken blir mellom anna henta frå albuma Glimmar, til duoen Apeland og Økland, og Velsigna er dagen, Opheim og Apeland sitt album. 


 


Berit Opheim – vokal


Sigbjørn Apeland – trøorgel


Nils Økland – hardingfele