Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen.
Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål?
Baker Hansen har leita etter svaret på dette sidan 2010, på fire utgjevingar og fleire
hundre konsertar landet rundt. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men
teksten er gjendikta og omarbeidd til vårt eige mål i vår eiga tid, framført på
dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. Med “våre eigne
ord” kjem musikken nærare på lyttaren - og livet og leiken i det velspelande
jazzensemble lyfter fram kvifor denne musikken har ein særstilling i mange jazz-hjarte.