Konsertforestilling med Psst!

Knallgøy konsertforestilling for store og små! Knasande gulerøtter, tørketrommelen i kjelleren og digre anleggsmaskiner – kvardagslydar skapast om til ei heilt spesiell musikkforestilling som fengslar heile familien. Psst! (tidl. HYSJ) følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys og Øyvind-mørk gjennom eit døgn. Det startar som ein heilt vanleg dag.

page view image
Arrangementsdato

lørdag 15 nov 2025 14:00

Slutter lørdag 15 nov 2025 15:30
BESTILL

Tilgjengelige varer

ticket item
Konsertforestilling med Psst!
Vaksen
ticket item
Konsertforestilling med Psst!
Born
event image

Arrangementsinformasjon

Knallgøy konsertforestilling for store og små!


Knasande gulerøtter, tørketrommelen i kjelleren og digre

anleggsmaskiner – kvardagslydar skapast om til ei heilt

spesiell musikkforestilling som fengslar heile familien.

Psst! (tidl. HYSJ) følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys

og Øyvind-mørk gjennom eit døgn. Det startar som ein heilt

vanleg dag. Etter kvart som timane går, vert skillet mellom


verkelegheit og fantasi utydeleg. Vi blir dratt inn i ein trans-

galaktisk stjernekrig, møter ein kval som har forvilla seg inn


på eit oversvømt bad, og får bli med på togtur gjennom det

ville vesten. Kvardagslege ting som å ete frokost og å sjå

barne-TV, vert gjort om til musikalske begivenheiter.

Musikken, i samspel levende illustrasjonene vist på lerret bak

på scena, hjelper oss med å sjå alt det spennande og

fantastisk rare som skjuler seg bak ein tilsynelatande grå

kvardag.


Sagt i pressen:


BT


«Estetisk musikkfest for alle barn (og en hel del voksne).

(..)Det ser rett og slett kjempebra ut og det er deilig å se

hvordan film blir en så inkludert del.»

CHARLOTTE MYRBRÅTEN, BERGENS TIDENDE, FRÅ DNS 2019.

"Barna jeg ser rundt meg sitter fjetret (...) og jeg er ganske

fjetret selv også. Det er en fin idé utført med så god timing

og så mye musikalitet at det rett og slett er veldig


fengslende." MARI PAUS, BALLADE.NO, FRÅ ULTIMAFESTIVALEN 2018.

«(De) lykkes ikke bare i å skrive og fremføre et verk som

engasjerer barna, de skaper førtifem magiske minutter som

hele familien kan samles om og vende tilbake til."

MAJA SKANDING, BALLADE.NO, FRÅ BAJAZZFESTIVALEN 2017.


Psst! er komponert og regissert av to blad Øyvind, i

samarbeid med illustratør Fredrik Rysjedal. Stykket var

opprinneleg eit bestillingsverk til Bajazz-festivalen i Bergen i

2017. Sidan då har Psst! blitt spelt på Ultimafestivalen i Oslo

2018, og tre veker ved Den Nationale Scene i Bergen

februar 2019, til overveldande god respons frå presse og

publikum.


Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde er to av dei

mest aktive trommeslagarane i Noreg, med bakgrunn i band

som Building Instrument, Erlend Apneseth Trio, Electric Eye og

JUNIP (Hegg-Lunde), og Skarbø Skulekorps, 1982, Håkon

Kornstad Tenor Battle og Bly de Blyant (Skarbø). Begge har

motteke ei rekke prisar for arbeidet sitt. Som duo har dei

jobba saman sidan 2001, og blant mykje anna gjort ei

trioplate med Ståle Storløkken, samt ei rekke prosjekt for

barn. Fredrik Rysjedal ein av dei mest spennande

kunstnarane i Noreg om dagen. Han har nettopp fullført eit

stipendiat ved Kunsthøgskolen i Bergen, der han gjer

nybrottsarbeid om teikneseriar tilpassa skjerm.

Organizer
Fjelly