page view image

Førespel

Framsyninga "Førespel" med Gro Marie Svidal i Fjelly 17. april

Information
event image

Framsyninga "Førespel" med Gro Marie Svidal kjem den 17. april til Fjelly.


"Førespel "er ei intim soloførestilling, eit møte mellom ein utøvar, eit instrument og ein tradisjon. Den set lys på spelerommet i tradisjonen, utøvaren sin lojalitet til eit miljø, skaparkrafta, tvilen og vala. Den løftar førespela som knyter band mellom utøvar og instrument, mellom notid og fortid vidare inn i framtida.


Førespela er som signaturar, opne for det personlege, opne for det individuelle. Tradisjon er reglar, noko som er felles, som alle kan kjenne att. Kvar går grensa for det som er innanfor

og det som er utanfor? Kor mykje av det personlege får kome fram i spelet?


På scena: Gro Marie Svidal

Manus og musikk: Gro Marie Svidal

Regi og dramaturgi: Ingrid Askvik

Scenografi og lysdesign: Matias Askvik

«Førespel» var tingingsverk til Osafestivalen 2025, og produsert i samarbeid mellom Gro Marie Svidal

og Osafestivalen. Produksjonen er støtta av Norsk kulturråd, Vestland Fylkeskommune og Fritt Ord.