Konsert med Erlend Apneseth trio

Trioen består av Erlend Apneseth (hardingfele), Stephan Meidell (gitar/live-sampling) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer/perkusjon). Dei er alle kritikerroste utøvarar og komponistar på sine felt, og deira improvisatoriske tilnærming gjer kvar konsert til ein unik oppleving.

page view image
Evenemangsdatum

fredag 4 okt 2024 19:00

avslutas fredag 4 okt 2024 22:00
Kalenderposten anpassas till din lokala tidszon
Beställ

Tillgängliga artiklar

ticket item
Konsert med Erlend Apneseth trio
event image

Evenemangsinformation

Hald av denne fredagskvelden, opplev det me trur vert ei eventyrleg aften på Fjelly! 


Erlend Apneseth Trio er eit av Noregs mest innovative og aktive band om dagen, som foreiner lyden av norsk folkemusikk, jazz og elektronika på ein heilt særeigen måte. Bandet har høsta lovord, prisar og nominasjonar for sine fem albumutgjevingar på det renommerte plateselskapet Hubro, og turnering i store delar av Noreg og Europa har begeistra både nye og attendevendande konsertgjengarar. Samtlege album har vorte nominert til Spellemannprisen, og dei fikk prisen for albumet «Salika, Molika» (2019) saman med Frode Haltli. 


Trioen består av Erlend Apneseth (hardingfele), Stephan Meidell (gitar/live-sampling) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer/perkusjon). Dei er alle kritikerroste utøvarar og komponistar på sine felt, og deira improvisatoriske tilnærming gjer kvar konsert til ein unik oppleving. 


Konserten i Fjelly er fredag 4. oktober, kl. 19.00. Velkommen!

Arrangör
Fjelly