Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Knallgøy konsertforestilling for store og små!
Knasande gulerøtter, tørketrommelen i kjelleren og digre
anleggsmaskiner – kvardagslydar skapast om til ei heilt
spesiell musikkforestilling som fengslar heile familien.
Psst! (tidl. HYSJ) følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys
og Øyvind-mørk gjennom eit døgn. Det startar som ein heilt
vanleg dag. Etter kvart som timane går, vert skillet mellom
verkelegheit og fantasi utydeleg. Vi blir dratt inn i ein trans-
galaktisk stjernekrig, møter ein kval som har forvilla seg inn
på eit oversvømt bad, og får bli med på togtur gjennom det
ville vesten. Kvardagslege ting som å ete frokost og å sjå
barne-TV, vert gjort om til musikalske begivenheiter.
Musikken, i samspel levende illustrasjonene vist på lerret bak
på scena, hjelper oss med å sjå alt det spennande og
fantastisk rare som skjuler seg bak ein tilsynelatande grå
kvardag.
Sagt i pressen:
BT
«Estetisk musikkfest for alle barn (og en hel del voksne).
(..)Det ser rett og slett kjempebra ut og det er deilig å se
hvordan film blir en så inkludert del.»
CHARLOTTE MYRBRÅTEN, BERGENS TIDENDE, FRÅ DNS 2019.
"Barna jeg ser rundt meg sitter fjetret (...) og jeg er ganske
fjetret selv også. Det er en fin idé utført med så god timing
og så mye musikalitet at det rett og slett er veldig
fengslende." MARI PAUS, BALLADE.NO, FRÅ ULTIMAFESTIVALEN 2018.
«(De) lykkes ikke bare i å skrive og fremføre et verk som
engasjerer barna, de skaper førtifem magiske minutter som
hele familien kan samles om og vende tilbake til."
MAJA SKANDING, BALLADE.NO, FRÅ BAJAZZFESTIVALEN 2017.
Psst! er komponert og regissert av to blad Øyvind, i
samarbeid med illustratør Fredrik Rysjedal. Stykket var
opprinneleg eit bestillingsverk til Bajazz-festivalen i Bergen i
2017. Sidan då har Psst! blitt spelt på Ultimafestivalen i Oslo
2018, og tre veker ved Den Nationale Scene i Bergen
februar 2019, til overveldande god respons frå presse og
publikum.
Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde er to av dei
mest aktive trommeslagarane i Noreg, med bakgrunn i band
som Building Instrument, Erlend Apneseth Trio, Electric Eye og
JUNIP (Hegg-Lunde), og Skarbø Skulekorps, 1982, Håkon
Kornstad Tenor Battle og Bly de Blyant (Skarbø). Begge har
motteke ei rekke prisar for arbeidet sitt. Som duo har dei
jobba saman sidan 2001, og blant mykje anna gjort ei
trioplate med Ståle Storløkken, samt ei rekke prosjekt for
barn. Fredrik Rysjedal ein av dei mest spennande
kunstnarane i Noreg om dagen. Han har nettopp fullført eit
stipendiat ved Kunsthøgskolen i Bergen, der han gjer
nybrottsarbeid om teikneseriar tilpassa skjerm.